Våt 17. mai-speling
På grunn av regnbygene på 17. mai måtte musikkantane ha regnfrakkar utanpå uniforma i år. Ein del hadde ikkje med seg regnfrakk og ein del hadde vokse utav regnfrakken sin. Det vart delt ut regnfrakkar i all hast før spelinga tok til, og uniformsnemnda vil no gjerne ha ein oversikt over kva størrelse dei forskjellige musikantane har på regnfrakken sin.
Les mer...
|
Korpstreff
Fitjar skulekorps deltok på korpstreff i Stord kulturhus torsdag 26. april. Under konserten mottok korpset ein gåvesjekk på 10 000,- frå Sparebanken vest.
Les mer...
|
NM-konsert
Torsdag 21. juni vert det NM-konsert i kultursalen kl. 19.00. Fitjar skulekorps framfører då NM-programmet sitt. Gjester: Moster skulekorps, Rommetveit skulekorps...
Les mer...
|
Sommartur 2012
Skulekorpset sin årlege sommartur går i år til NM i Stavanger og til Bø sommarland, 22.-26. juni. Påmeldingsfrist: 7. mai.
Les mer...
|
Filmkonsert
Filmkonserten som korpset arrangerte laurdag 21. april 2012 var svært vellukka og ei stor oppleving for både musikantane og publikum.
Les mer...
|
Marknad 2012
Skulekorpset arrangerte ein kjekk og vellukka marknad i gymnastikksalen på Rimbareid skule torsdag 3. mars 2012. Både juniorkorpset og seniorskorpset til Fitjar skulekorps spelte kvar si avdeling. Fitjar musikklag var gjester og spelte to av songane frå ABBA goes brass. Elles var det sal av årer og lodd på bøker, sal av hot dog, kaker, bollar, lappar og kaffi, og det var god tid til prat og drøs rundt borda. Vel 160 stykker kom og hadde ei kjekk kveldsstund saman om korpset. Fitjar skulekorps ynskjer å takkar alle som var med å støtta korpset ved å koma, ved å kjøpa mat og å kjøpa lodd.
Les mer...
|
Trekningsliste for marknaden
22. mars 2012.
Les mer...
|
Juniorøvingshelg
Aspirantane og juniorane deltok på ei kjekk seminarhelg på Hystad skule 17.-18. februar 2012. Øvingshelga vart avslutta med konsert for slekt og vener.
Les mer...
|
Nytt tak
I januar 2012 vart det laga nytt tak med lyddemping og ventilasjon i speilsalen der Fitjar skulekorps har øvingane sine.
Les mer...
|
Foreldrevakter
Det er satt opp liste over foreldrevakter for våren 2012. Denne lista vart redigert 27. januar ! ! !
Les mer...
|
Spelte på juletrefest
Ei lita gruppe frå skulekorpset, med forsterking frå musikklaget, spelte til juletregangen på den store juletrefesten i idrettshallen søndag 8. janaur. Neste post på programmet no, bortsett frå vanlege øvingar, er øvingshelg 20.-22. januar.
Les mer...
|
Marknad 2012
Økonominemnda treng gevinstar til marknaden som skal vera 22. mars 2012.
Les mer...
|
Desember
Søndag 11. desember deltok skulekorpset på julekonsert i Fitjar kyrkje. Korpset imponerte med fin julemusikk, flinke solistar og flott "englesong". Skulekorpset deltok og med juletonar på den første gudstenesta på julafta.
Les mer...
|
Trekningsliste for adventslotteriet
Fitjar skulekorps sitt adventslotteri 2011 er no trekt og lista over vinnarane er klar.
Skulekorpset TAKKAR alle som har støtta korpset ved å kjøpa lodd!
Les mer...
|
Julegrantenning
I samband med at julegranna skulle tennast stilte skulekorpset opp i nissehuer og spelte julesongar i sentrum søndag ettermiddag. Dei spelte både utanfor Larsen, utanfor Rydland, ved aldersheimen og inne på sjukeheimen. Fakkeltoget vart avlyst grunna storm og orkan-kast. Det vart heller ikkje gang rundt juletreet, men korpset spelte flotte juletonar i samband med at lysa på grana i sentrum vart tent klokka 17.00 av 9. klasse og ordførar Wenche Tislevoll.
Les mer...
|
Feira sigeren
Måndag 21. november var skulekorpset si øving bytta ut med kosekveld. Sigeren i Sotrafestivalen vart feira med heimelaga pizza, julebrus, konkurransar og utdeling av ulike utmerkingar, samt roser til alle musikkantane. No øver korpset fram mot julekonserten som skal vera i Fitjar kyrkje 11. desember.
Les mer...
|
TIL TOPPS IGJEN ! ! !
Både Fitjar skulekorps og juniorkorpset deltok på Sotrafestivalen laurdag 19. november. Juniorkorpset mottok hederleg omtale i si bedømming. Hovudkorpset gjekk nok ein gong til topps i 3. divisjon brass. I tillegg gjekk solistprisen til Anne Lunde, og korpset fekk eit napp i vandrepokalen for høgast poengsum i konkurransen.
Les mer...
|
Årsfest
Skulekorpset hadde øvingshelg 11.-13. november og avslutta helga med flott årsfest i kultursalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg.
Les mer...
|
Kjempekjekk junior-øvingshelg
på Rimbareid skule, med 21 musikantar frå Fitjar juniorkorps og Stord juniorkorps.
Les mer...
|
Nokon som kjenner seg att....?
Fleire bilete frå "gamle dagar" i fotogalleriet.
Les mer...
|
NM-bilete
Det vart teke eit oppstilt bilete av Fitjar skulekorps under NM i Stavanger i juni. Det var arrangørane som tok biletet, og skulekorpset har motteke eit prøvebilete slik at me kan sjå korleis det ser ut. Dei som ynskjer seg eit slikt biletet kan få bestilla det gjennom korpset. Prøve-stempelet vert då sjølvsagt fjerna, og biletet vert betydeleg klårare enn det de ser her. Biletet kostar 160,- og det vert teke opp bestilling på årsmøtet.
Les mer...
|
Foreldrevakter
Det er satt opp ei liste med datoar for foreldrevaktene. Vakta tek til kl. 17.15 og er slutt når lokalet er rydda og moppa etter øving. Korpset har overteke vakta for heile FKIB frå 17.15-19.00 om måndagen. Korpset øver til vanleg fram til kl. 20.00.
Les mer...
|
Ferien er over
Skulekorpset hadde si første ordinære øving, i øvingslokalet i andre høgda i Fitjar kultur- og idrettsbygg, måndag 22. august. Same dag ynskte og korpset åtte nye aspirantar velkomne. Øvingshelga 26.-28. august er utsett til 2.-4. september. Juniorkorpset skal og ha øvingshelg på Fitjar 17.-18. september, saman med Stord juniorkorps. Det vert ekstraøving fredag 18. november i samband med Sotrafestivalen. Resten av programmet for hausten kan ein lesa om under halvårsplanar.
Les mer...
|
Jublar over 4. plass i NM
Fitjar skulekorps kom på ein sterk fjerde plass i 3. divisjon i NM for skulekorps i Stavanger forum laurdag 18. juni 2011. Korpset fekk 93 poeng for framføringa av konkurransenummeret sitt Dakota.
Les mer...
|
Flott speling på våt 17. mai
Skulekorpset og musikklaget spelte tradisjon tru ved flaggheisinga ved rådhuset klokka 08.00. I det første tone av "Ja, vi elsker" runga over parkeringsplassen kom dei første regndråpane, og resten av dagen vart gjennomført med regnfrakkane på. På tross av surt ver var korpset med og skapte fin 17. mai stemning med sine brass-tonar både i toget, ved kyrkja og i parken.
Les mer...
|
Jubileumsbilete
Jubileumsbiletet som vart teke i samband med 50-årsfesten 13.11.2010 kan no bestillast hos Liv M. K. Lønning på mobil: 90864837 eller e-post: liv.mari.lonning@haugnett.no. Pris 25,-. Oppgje kor mange du vil ha. Frist: 01.05.11. (Biletet er det som vart brukt på flaskeinfoen.)
Les mer...
|
Festframsyning
Fitjar skulekorps spelte under festframsyninga på Stord vidaregåande skule i samband med Norsk kulturskoleråd - Hordaland sitt årsmøte på Stord, torsdag 31. mars 2011.
Les mer...
|
Nytt øvingslokale
Skulekorpset har fått nytt øvingslokale i andre høgda i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Medan korpset hadde øvingshelg 12. mars stilte nokre sterke fedre opp som flyttehjelp og fekk flytta det meste av utstyret til korpset til det nye lokalet. Måndag 14. mars hadde eit litt redusert korps si første øving her. Frå no av vert alle mandagsøvingane til hovudkorpset i Fitjar kultur og idrettsbygg.
Les mer...
|
Brazz brothers-dagen på nett-tv
Sunnhordland nett-tv syner opptak frå seminaret og konserten med The Brazz brothers 13. mars 2011.
Les mer...
|

Vellukka seminar og konsert med The Brazz brothers
To dagar med intens øving, over 80 musikkantar på scenen og ein forrykande konsert som avslutting..
Les mer...
|
Øvingshelg med konsert
Fredag 11. mars til laurdag 12. mars hadde juniorane og aspirantane ei kjekk øvingshelg på Hystad skule saman med juniorane i Stord skulekorps. Øvingshelga vart avslutta med ein flott konsert.
Les mer...
|
I radioen
Dirigent Svein Roger Koppang vart intervjua i NRK Hordaland si føremiddagssending måndag 24. janaur.
Les mer...
|
Julegåve på etterskot
Fitjar skulekorps, til liks med dei andre skulekorpsa på øya, har fått 10 000,- av Aker Solutions på Stord. Informasjonssjef Odd Naustdal har uttalt til avisa Sunnhordland at han likte artikkelen om korps som stod i avisa før helga, og fekk etter dette løyve til å dela ut litt midlar til dei lokale skulekorpsa. Fitjar skulekorps takkar for gåva!
Les mer...
|
Positiv omtale i pressa
Fredag 21. janaur kunne ein lesa om Fitjar skulekorps, som har gått "Frå bar bakke til første plass på tre år", både i papirutgåva og på nettsida til avisa Sunnhordland.
Les mer...
|

Øvingshelg
Både juniorane og seniorane i Fitjar skulekorps deltok på øvingshelga på Rimbareid skule 14.-16. januar 2011.
Les mer...
|
Juletrefest i kultursalen
Skulekorpset deltok på juletrefesten i idrettshallen søndag 9. januar. Saman med nokre frå foreldrekorpset spelte dei flott til juletregongen, og var med og skapte feststemning rundt treet.
Les mer...
|
Fitjar skulekorps til topps
Fitjar skulekorps gjekk til topps i 3. divisjon under Sotrafestivalen 20. november 2010. Korpset fekk 98,5 poeng og domarane seier i sin kommentar at korpset spelte veldig bra, og gav dei skryt for god dynamikk, god ballanse og solid spel. Korpsmedlemmene kan logga seg inn og lesa domarkommentarane under interne skriv. Alle kan lesa meir om konkurransen under Presseomtale - Sotrafestivalen.
Les mer...
|

Fitjar skulekorps 50 år
Les mer...
|
Korpset spelte på samling for nye innbyggjerar
Måndag 25. oktober deltok skulekorpset på samlinga for nye innbyggjarar i Fitjar med ei flott konsertavdeling i kultursalen. Høgdepunktet under konserten var heilt klart framføringa av Gabriellas song med Marthe V. Nordfonn som songsolist. Neste post på programmet for korpset, bortsett frå vanlege øvingar, er jubileumshelga 12.-13. november.
Les mer...
|

Jubileumstur til Spania
20.-26. juni 2010 var Fitjar skulekorps på ein svært vellukka jubileumstur til Calella i Spania.
Les mer...
|
Sommarkonsert
Aspirantane og skulekorpset deltok på kulturskulen sin sommarkonsert 3. juni med eit flott musikalsk program.
Les mer...
|
Flott 17.mai-speling
Skulekorpset deltok som vanleg med flott korpsmusikk under 17. mai feiringa i Fitjar sentrum.
Les mer...
|
TAKK ! ! !
Korpset takkar alle som støtta dei under flaskeinnsamlinga i april!
Les mer...
|
Korpstreff, Stord
Skulekorpset deltok på korpstreff på Stord torsdag 22. april 2010.
Les mer...
|
Kulturmønstring
Skulekorpset deltok på kulturmønstring i Fitjar kultur- og idrettsbygg laurdag 17. april.
Les mer...
|
Kjekk marknad
Skulekorpset arrangerte ein kjekk marknad torsdag 18. mars.
Les mer...
|
Korpset har hatt ei god øvingshelg
22.-24. januar hadde korpset øvingshelg på Rimbareid skule med både gruppeøvingar og fellesøvingingar, og til slutt bowling på Heiane.
Les mer...
|
Øvingshelga er i gang
Skulekorpset si øvingshelg er godt i gang, og dei 9 nye aspirantane deltek på si første helgeøving.
Les mer...
|
Øvingshelg august 2009
Korpset hadde øvingshelg og deltok under søndagsskulens dag siste helga i august.
Les mer...
|

Sommartur til Ålgård
Skulekorpset var på sommartur til Ålgård 19.-21. juni 2009.
Les mer...
|
Korpstreff
Skulekorpset deltok på Korpstreff på Stord torsdag 7. mai.
Les mer...
|
Grasrotandel til korpset
Du som tippar kan no samstundes støtta skulekorpset utan at det kostar deg noko ekstra.
Les mer...
|
På nett!
Fitjar skulekorps har no fått si eiga heimeside.
Les mer...
|